Politiet fann i ettermiddag ein livlaus mann i Emhjellevatnet i Gloppen. Livreddande tiltak blei sett i verk, men mannen blei erklært død av lege kort tid seinare. Politiet blei kalla inn da mannen ikkje kom heim som avtalt etter ein fisketur. Dei pårørande er varsla.
– Klokka 16.48 vart det trykt på den store, raude knappen, og redningshelikopter vart umiddelbart sendt ut i søk. Mannen vart funnen etter kort tid, før andre redningsinstansar kom på staden, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord, til Firda.