Veterinærmangel på Senja og i Sørreisa
På Senja og i Sørreisa vil det vere mangel på veterinærar for stordyr denne sommaren, opplyser Senja kommune i ei pressemelding.
Dette er på grunn av oppseiingar og permisjonar, som gjer at det er svært få personar i ordninga.
Vaktordningane gjeld akuttbistand for stordyrproduksjon, og påverkar ikkje eventuelle avtalar du som dyreeigar måtte ha med din lokale veterinær.
– Vi forstår at dette kan skape utfordringar for bøndene våre, og vi er svært lei oss for situasjonen, seier Stine Jakobsson Strømsø, kommunedirektør i Senja kommune.
Kommunen opplyser om at dei no jobbar for å få på plass ei meir stabil og varig løysing for veterinærtenestene, men det kan ta tid.