Oslo med høgste badetemperatur
Skal du ut å bade kan du vente deg gode temperaturar i sjøen. Oslo blir dagens vinnar med 24,5 grader i sjøen, melder NTB.
Bergensarar kan forvente badetemperaturar på opp til 22,3 grader. I Kristiansand kan sjøen nå ein temperatur på 20,8 grader. Det er noko kaldare i Stavanger, der badetemperaturen ligg på 20,2 grader.
Trønderar kan nyte 19,9 grader i sjøen, medan det blir ein badetemperatur på 15 grader i Alta. I Tromsø kan du risikere å fryse i sjøen, med ein badetemperatur på 12,2 grader i havet.