Varslar kraftig regn – vurderer oransje farevarsel
Meteorologisk institutt har gult farevarsel for styrtregn på Vestlandet både nord og sør for Stad, Agder og deler av Telemark frå torsdag ettermiddag.
Men no vurderer meteorologane om dei skal justera opp faregraden til oransje. Det sa statsmeteorolog Anne Solveig Andersen i morgonsendingane i både NRK Hordaland og Sogn og Fjordane torsdag.
Gult farevarsel er moderat fare, medan oransje tydar stor fare.
– Utover dagen vil me få inn ustabile luftmassar, som igjen kan gje fare for svært kraftig styrtregn. Dette vil spesielt råka midtre og indre strøk. Me vurderer no om me skal gå ut med oransje farevarsel, sa Andersen.
Det er førebels uvisst kvar dei mest kraftige byene vil treffa, men Andersen seier det vil vera store lokale skilnadar.
– Det som er litt skummelt er at det ikkje er så stor rørsle i byene. Dermed kan dei verta liggjande lenge i same område og gje frå seg mykje regn, seier ho.