USA: Fleire frå militæret henta inn for å handheve innvandringlover
Trump-administrasjonen har henta inn rundt 1700 frå militæret for å bistå i ulike delstatar så guvernørane skal klare å handheve innvandringslovene.
Det seier ein talsperson for Pentagon, hovudkvarteret til det amerikanske forsvarsdepartementet, melder Reuters
Så langt har 1200 frå militæret tatt del i arbeidet til innvandringsmyndigheitene (ICE), no har Pentagon sett seg nøydde til å hente inn 500 fleire.
Tidlegare hadde desse soldatane ordre som gjorde at presidenten kunne styre dei, no er dei under kvar guvernør sin kontroll.