Sogn Avis: Dei to omkomne er henta ut frå Jotunheimen
Dei to turgåarane som vart funne omkomne i Jotunheimen er henta ut, melder Sogn avis.
– Dei to omkomne er henta ut av fjellet og transportert med helikopter til Sogndal, seier politistasjonssjef Magne Straumstein i Sogn politi til NRK.
Det var to menn i 60-åra, ein norsk og ein dansk statsborgar, som vart funne i Øvre Mjølkedalen i Jotunheimen tysdag kveld.
Utfordrande vêrforhold har gjort at redningsmannskap ikkje har fått henta ut dei to tidlegare.
– Men det har vore ei opning i vêret på formiddagen i dag.
Politiet er glad for å endeleg ha fått henta ut dei to.
– Det er godt ovanfor dei pårørande å få rydda opp i dette. Og det er eit område der fjellfarane ferdast, og då er det fint å få henta dei ut, seier Straumstein.
Politiet har oppretta ei undersøkingssak for å finne ut kva som har skjedd med dei to turgåarane.
– Det blir gjort avhøyr og dei to omkomne blir sende til obduksjon.
Dei to har inga tilknyting til området, men var i Jotunheimen som fjellturistar.