Bagasjeproblem på Flesland: No er bagasjeanlegget fiksa
Søndag ettermiddag er det store utfordringar med bagasjeanlegget på Bergen lufthavn Flesland.
Over fleire timar har det hopa seg opp store mengder bagasje som skal sjekkast inn til avreise i avgangshallen. Årsaka er at fleire av bagasjebanda stansa opp som følge av straumstans.
Pressevakt Carita Storm Røsaasen opplyser at dei eit par timar nytta alternativ løysing ved å sende bagasje på band som ikkje har vore råka av feilen.
– Dette har ført til lenger ventetid for å få levert bagasje for mange, og det beklagar vi.
I 15-tida er teknikaren framleis i arbeid for å rette feilen.
– Eg kan førebels ikkje seie noko om når det vil vere i orden, seier Røsaasen.
Ho seier det er opp til flyselskapa om dei vil vente på bagasjen eller ikkje, og oppmodar folk til å innstille seg på at bagasjen kanskje ikkje kjem fram samtidig som dei.
– Mykje bagasje må nok bli ettersendt fordi kapasiteten i anlegget er såpass redusert. Det er alltid eit godt råd å pakke dei mest kritiske tinga i handbagasjen, seier pressevakta i Avinor.
I 16.30-tida melder Avinor at bagasjeanlegget er oppe og går att.
– Det tok lenger tid å rette feilen enn vi først antok, så det er mykje bagasje som står att i avgangshallen. Dette vil måtte ettersendast utover kvelden og i morgon. Vi er lei oss for konsekvensane denne feilen fekk for dei som blei ramma, seier Røsaasen.