Ein person er død i togulykke i Danmark
Ein person har omkomme i ei togulykke i Danmark, opplyser politiet, melder dansk TV 2.
Sønderborg kommune har oppretta krisestab på grunn av ulykka fordi det var ei skuleklasse med i toget, skriv dei i ei pressemelding.
Eit passasjertog frå DSB spora av fredag ettermiddag på veg frå København til Sønderborg.
Det er meldt om fleire skadde.