Добавить новость
World News
Новости сегодня

Новости от TheMoneytizer

Redningsaksjon etter turist i Bergen

NRK.no 

Vest politidistrikt har sett i gang ein omfattande leiteaksjon etter ein britisk mann i 70-åra som har vore sakna sidan torsdag. Mannen, som er turist og budde på eit hotell i Bergen sentrum, vart meldt sakna fredag kveld klokka 23.13 då hotellet ikkje fekk kontakt med han.

Ifølgje hotellet skulle mannen ha sjekka ut fredag 15. august, men rommet hans var forlatt og eigedelane låg igjen. Han vart sist sett då han forlét hotellet torsdag føremiddag, litt etter klokka 10.00.

Opplysningar i saka har ført til at politiet trur mannen kan ha teke seg inn i området rundt Starefossfjellet. Politiet har ikkje sikker identifikasjon, men arbeider ut frå namnet han oppgav ved innsjekk, fortel operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen

Søket foregår i områda Fløyen, Svartediket og Starefossfjellet.

Leiteaksjonen blir koordinert av Hovudredningssentralen og omfattar frivillige mannskap frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder. Eit redningshelikopter frå Florø er også sett inn i søket.

Mannen skal vere iført svart t-skjorte, kvit/grå shorts, beige sko og kvite sokkar. Han har med seg ein svart ryggsekk.

Kl. 09.51 opplyser politiet at redningshelikopteret er på staden.

Politiet fortel at dei har stadfesta identiteten til den sakna, og skal vere i kontakt med dei pårørande. Den britiske mannen i 70-åra skal ha reist aleine.

Читайте на сайте


Smi24.net — ежеминутные новости с ежедневным архивом. Только у нас — все главные новости дня без политической цензуры. Абсолютно все точки зрения, трезвая аналитика, цивилизованные споры и обсуждения без взаимных обвинений и оскорблений. Помните, что не у всех точка зрения совпадает с Вашей. Уважайте мнение других, даже если Вы отстаиваете свой взгляд и свою позицию. Мы не навязываем Вам своё видение, мы даём Вам срез событий дня без цензуры и без купюр. Новости, какие они есть —онлайн с поминутным архивом по всем городам и регионам России, Украины, Белоруссии и Абхазии. Smi24.net — живые новости в живом эфире! Быстрый поиск от Smi24.net — это не только возможность первым узнать, но и преимущество сообщить срочные новости мгновенно на любом языке мира и быть услышанным тут же. В любую минуту Вы можете добавить свою новость - здесь.




Новости от наших партнёров в Вашем городе

Ria.city
Музыкальные новости
Новости России
Экология в России и мире
Спорт в России и мире
Moscow.media






Топ новостей на этот час

Rss.plus





СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *