To personar døde i fallskjermulykke i Sverige
Svensk politi stadfestar overfor NRK at to personar er omkomne i ei fallskjermulykke i Strömstad i Sverige.
– Ein mann i 30-åra og ein mann i 40-åra har omkomme. Dei pårørande er varsla, seier pressetalsperson i politiregion Vest i Sverige, Jennifer Last.
Begge er svenske statsborgarar.
Dei to var erfarne fallskjermhopparar og trente til ein konkurranse i haust.