Israel: Har angripe infrastruktur i Jemen
Søndag morgon skriv israelske medium at den israelske marinen gjennomførte angrep mot eit kraftverk sør for hovudstaden Sana.
Israelske myndigheiter seier dei trefte Houthi-militsen sin infrastruktur i området rundt Sana, men seier ikkje kor.
Ifølgje militæret i Israel (IDF) var angrepet eit svar på gjentatte angrep som Houthiane har retta mot Israel.
Vitne seier til nyheitsbyrået Reuters at dei har høyrd minst to eksplosjonar nære ein kraftstasjon i hovudstaden.
Søndag morgon arbeidde mannskap med å sløkke ein brann som vart forårsaka av angrepet, melder TV-kanalen Al Masirah som drivast av houthiane, og viser til ei kjelde i sivilforsvaret.
Dette er det siste av ein rekkje angrep mot den Iran-støtta Houthi-militsen. Militsen har angripen Israel fleire gonger etter at krigen i Gaza brøyt ut.