Mellom 150 og 200 demonstrantar sperrar vegen ned til oljeraffineriet til Equinor på Mongstad. Dette er ein varsla demonstrasjon mot olje- og gassnæringa som gruppa Extinction Rebellion står bak. Equinor opplyser at dei har mobilisert beredskapsorganisasjonen sin i samråd med politiet for å handtera situasjonen. – Me har gjort tiltak for å sikra forsvarleg drift medan aksjonen pågår. Me har også bede tilsette som kan om å ha heimekontor, seier pressetalsperson Ellen Maria Skjelsbæk i Equinor til NRK. Drifta er så langt ikkje påverka av aksjonen.