Redningsaksjon i Ullensvang
Redningshelikopter og luftambulanse er sendt til Torsnesvatnet i Ullensvang kommune etter melding om ein turgåar som har falt ned ein skrent.
Vedkomande er vaken, elles er skadeomfanget ukjent, melder politiet.
Den skadde turgåaren er i eit turfølge på to personar.
Luftambulansen er i området og har funne turgåaren, melder pollitiet klokka 11.12.
– Dette har skjedd i eit ulendt, bratt terreng, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannesen i Vest politidistrikt.
Dei har ikkje detaljar på kor langt vedkomande har falle, men den skadde turgåaren er vaken og har sjølv hatt kontakt med naudetatane på telefon.
Det skal vere vanskeleg tilkomst og dårleg dekning i området.
– Me håpar me får løfta vedkomande ut frå området. Det er òg kalla inn frivillige bakkemannskap til området, slik at me kan spele på dei dersom me ikkje får henta dei ut med helikopter, seier Johannesen.