Raudt-leiaren: – Det går ikkje an å setje Rødt på gangen
Raudt ser ut til å ha gjort sitt beste val nokon gong med 5,4 prosent oppslutning.
– Eg er veldig stolt og glad på vegner av heile partiet mitt for at vi ligg an til å gjere vårt beste val nokosinne, seier partileiar Marie Sneve Martinussen.
Ho meiner det markerer eit nytt steg for partiet i norsk politikk.
– Då vi braut sperregrensa for fire år sidan, trudde mange vi var ei døgnfluge. No viser vi at vi er ein sterk kraft for forandring.
Martinussen meiner valet gjer dei heilt avgjerande for eit raudgrønt fleirtal.
– Det går ikkje an å setje Raudt på gangen. Vi kjem til å bli uunnverlege i forhandlingane, seier ho.
Ho løftar fram kamp mot aukande forskjellar, styrking av velferd, ein tannhelsereform og sterkare norsk innsats for Palestina som fire hovudsaker partiet vil ta med inn i samtalane med Arbeidarpartiet.