Held oppe same nivå som i fjor
Havforskingsinstituttet (HI) anbefaler at totalfangsten av snøkrabbe på norsk sokkel ikkje bør stige over 12.336 tonn i 2026.
Det skriv dei i ei pressemelding.
– Bestandsvurderinga viser at bestanden framleis er i god forfatning og har stabilisert seg på eit høgare nivå. Derfor blir fjorårets nivå halde oppe i kvoterådet for 2026.
Det seier bestandsansvarleg Ann Merete Hjelset.
Kvoterådet for 2025 var 12.725 tonn. Det var ein auke på 2400 tonn frå 2024.
Kvoten på snøkrabbe blir fiska opp i løpet av vinterhalvåret, som også er perioden då krabben har høgst kvalitet.
Havforskarane råder også at fredningsperioden frå 1. juli til 31. desember blir halde oppe også i 2026.