Åtvarar mot Autopass-svindel
Politiet åtvarar etter ei rekkje svindelmeldingar dei siste dagane. Folk har fått SMS eller e-post frå det som ser ut til å vere frå Autopass, der dei får beskjed om manglande innbetalingar. Dette har fått fleire til å gi frå seg betalingsinformasjon og bankID ved å trykke seg inn på ei lenke. Deretter har svindlarane tømt kontoen.
Politiet sin nettpatrulje oppmodar folk om å ikkje klikke på lenker i SMS eller i e-postar, og vere merksam på meldingar som ber deg handle raskt eller oppgi sensitiv informasjon. Om skaden har skjedd, må du kontakte banken din raskt, skriv politiet sin nettpatrulje.