Anka valdtektsdom – fekk strengare straff
Ein mann i 20-åra er dømt til fengsel i tre år og seks månader for valdtekt av ei kvinne i Bergen, ifølge ein dom frå Gulating lagmannsrett.
I tingretten fekk mannen tre månader kortare fengselsstraff.
Det var han sjølv som anka dommen til lagmannsretten. Forsvararen til mannen bad om frifinning.
Ifølge dommen skjedde overgrepet i Bergen sentrum i fjor.
Overgrepet vart avbrote da to personar i følget til den fornærma kom til, ifølge dommen.
Mannen må òg betale 200.000 i oppreisning til kvinna.