Nytt gult farevarsel i Rogaland og Agder
Det er venta meir regn torsdag og fredag, og NVE sender ut eit nytt gult farevarsel for jord- og flaumskred i Rogaland og Agder.
Varselet gjeld frå klokka 21 i dag, fram til klokka 7 i morgon tidleg.
– Grunnvasstanden og vassmettingsgrada i bakken er allereie svært høg. Det er venta opp mot 50–60 mm nedbør i løpet av natta, som vil auka fare for jordskred i varselområdet. Flaumskred har lang rekkevidd, og kan gå ned til dalbotnen, sjølv om det blir løyst ut høgt i terrenget, skriv meteorologen.
Tilrådinga er å halda seg unna bratte skråningar, bekkar og elveløp med stor vassføring.
Etter flaumen tidlegare denne veka, har Sokndal valt å oppretthalde beredskapen i vente på meir regn i natt