Tiltalt for over 20 år gamle overgrep mot sin eigen son
Ein mann i 60-åra frå Bergen er tiltalt for seksuelle overgrep mot sin eigen son over ein femårsperiode på 2000-talet.
Ifølge tiltalen var guten under 10 år då overgrepa starta. Faren skal ha filma og fotografert fleire av overgrepa, nær 200 totalt.
Bergensaren er også tiltalt for å skaffa seg bilete og videoar som seksualiserer born. Totalt fann politiet 159.000 slike filer då dei gjekk gjennom datautstyr og lagringseiningar hos han.
Sonen politimelde saka i fjor haust, skriv BA.
Mannen sin forsvarar Jonny Sveen seier til avisa at han ikkje har fått diskutert tiltalen i detalj med klienten sin og difor ikkje kan kommenterer den enno.