Coop kallar tilbake fryste jordbær
Coop kallar tilbake Xtra fryste jordbær etter funn av plantevernmiddel over grenseverdien, skriv daglegvarekjeda i ei pressemelding.
– Finske styresmakter har funne restar av pesticidet Oxamyl over grenseverdien i eit parti fryste jordbær. Dette kan føre til helsefare, skriv dei.
Den fryste bæra er seld i Coop-butikkar over heile Noreg, og er no fjerna frå butikkane.
Kundar som har kjøpt produktet bør kaste det eller levere det tilbake i butikk for å få pengane tilbake.
Tilbakekallinga gjeld Xtra jordbær dypfryst 500 gram merka med best før 14.04.2027 og 17.04.2027.