Molde-spelar tiltalt for seksuell handling utan samtykke
Molde Fotballklubb melder at ein spelar er tiltalt for seksuell handling utan samtykke.
Saka blei meldt i slutten av april 2025.
MFK opplyser at klubben og spelaren samarbeider med politiet.
– Det er ei stor belastning for den fornærma, og vi har ingen kommentar ut over det, seier bistandsadvokat til den fornærma, Anette Western Torgersen til NRK.
Advokaten til spelaren, Astrid Bolstad, seier at den tiltalte ikkje erkjenner straffskuld.
– Eg ønsker ikkje å gå inn på sjølve saka, men det er tatt ut ein tiltale på straffelova § 297.
Ho bekreftar til NRK at den tiltalte erkjenner at det skal ha skjedd ei seksuell handling, og at det ikkje skal vere relatert til fotball.
Styreleiar Odd Ivar Moen seier dei ser med stort alvor på tiltalen som er tatt ut.