Kontroll på husbrann i Høyanger – politi ber om tips
Brannvesenet har meldt kontroll på husbrannen i Høyanger.
Det var meldt om full overtenning, og to nabohus blei evakuert.
Ingen personar har bustadadresse i huset som brenn, og ifølge politiet har det ikkje budd nokon i huset på mange år.
Om lag eit kvarter før melding om brann fekk politiet melding frå forbipasserande om kubbelys som brann i gangen. Det er no funne fyrstikkar på staden.
Politiet ber publikum ta kontakt dersom dei har tips som kan vere interessant for etterforskinga.
Det er ikkje meld om personskade etter brannen.