UNN: Journalsystemet er nede
Journalsystemet til Universitetssykehuset i Nord-Norge (UNN) er nede, og det er no gul beredskap på sjukehuset.
Konsekvensen er at planlagt kirurgi blir stoppa, men akutt behandling går som normalt, står det på sjukehuset si heimeside.
– Vi veit ikkje meir enn dette akkurat no, kriseleiinga følgjer det opp, seier Solveig Jacobsen, som er pressevakt hos UNN.
Jacobsen seier dei fekk melding om feilen i 08-08.30-tida fredag morgon.
Både Finnmarkssykehuset og Nordlandssykehuset skal vere råka av same feil i journalsystemet.
– Det blir jobba med å få løyst problema, seier Malene Nicolaysen, kommunikasjonsrådgjevar i Finnmarkssykehuset.
Per no har ikkje sjukehuset noko oversikt over kor lang det vil ta å rette feilen.