Japan sender pandaer tilbake til Kina
Tysdag sender Japan pandaene Xiao Xiao og Lei Lei tilbake til Kina etter fleire tiår med utlån av pandaer, melder Reuters. ‘Pandaene skal fyrst i karantene før dei blir sende vidare til Kina seinare i veka.
Kina har lenge brukt pandaer som del av det som ofte blir kalla «panda-diplomati».
Samstundes er forholdet mellom dei to landa spent etter at den japanske statsministeren, Sanae Takaichi, uttalte at landet kunne kome til å svare militært dersom Kina angrip Taiwan.
Det utløyste kraftige reaksjonar frå Beijing, og tysdag gjekk Takaichi tilbake på utsegna.
Då sa ho at Japan berre vil handle innanfor lovverket, mellom anna for å evakuere japanske og amerikanske borgarar.