Sentralbanksjefen i USA avviser at Trump-press har brote ned sjølvstendet
– Vi har ikkje mista sjølvstendet, og eg trur ikkje vi kjem til å miste det. Eg håpar i alle fall at vi ikkje gjer det, seier sentralbanksjef Jerome Powell, ifølge AFP.
USAs president Donald Trump har pressa banken og leiinga til å setje ned styringsrenta.
Powell har også tidlegare sagt at ei etterforsking av han frå justisdepartementet er politisk motivert, men ville ikkje kommentere meir no.
Powell kommenterer òg saka der Trump har prøvd å få fjerna sentralbankmedlem Lisa Cook.
Han seier dette kan vere den viktigaste rettslege prøvinga i sentralbanken si 113 år lange historie.
– Eg vil seie at denne saka kanskje er den viktigaste rettssaka i Fed si historie, sa Powell onsdag, då han forklarte kvifor han sjølv møtte i høyringa i Høgsterett 21. januar.