Krev gransking av Jagland i Europarådet
Framstegspartiet går saman med partia i Europarådet som er i deira partigruppe og krev ei gransking av Thorbjørn Jagland.
Dokument som blei publisert i førre veke viser at Jagland og den overgrepsdømde Jeffrey Epstein hadde meir kontakt enn det ein har vore klar over tidlegare då Jagland leia Europarådet.
Vi ønsker ei ekstraordinær samling, seier Frp-politikar Jon Helgheim.
– Det er veldig viktig for å bevare legitimiteten og truverdet til Europarådet. Dette handlar om tilliten til Europarådet, og då må vi granske det.