Brannen i Ålesund: – Vi er ikkje ute av fare enda
Onsdag føremiddag har brannen på fjellet Sukkertoppen i Ålesund roa seg, og det er lite synlege flammar. Men dette betyr ikkje at dei har kontroll på brannen, seier brannsjef Sindre Egeness.
– Vi er ikkje ute av fare enda. Situasjonen er framleis kritisk, vi har ikkje kontroll. Det er mykje varme og det er brann i terrenget endå.
Han seier ein har hatt god hjelp av vêret natt til onsdag, med regn og rolegare vind.
– No ser vi at vêret snur. Det kjem sol, og det kjem vind. Det er dei to verst tenkelege scenaria som vi kan ha i ein sånn type hending.