EU-kommissær reiser til Trumps «fredsråd» som observatør
EU-kommissær Dubravka Šuica reiser til Washington denne veka for å delta som observatør i president Donald Trump sitt «fredsråd», skriv Reuters. Donald Trump har tidlegare utnemnd seg sjølv til leiar for eit «fredsråd», der formålet skal vere å jobbe for fred i Gaza. Enkelte mistenker at rådet si rolle kan utvidast til andre konfliktar. Det første møtet skal vere denne veka.