Kvinnegruppa Ottar sjokkert over forslag om å endre sexkjøpsloven
Kvinneorganisasjonen Kvinnegruppa Ottar er sjokkert over Straffelovsrådet sitt forslag om å gjera det lovleg å kjøpa sex. Rådet la i dag fram sin rapport om seksuallovbrot og samtykke til justisminister Emilie Enger Mehl (Sp), der dei også slo fast at all seksuell samhandling skal vera frivillig.
– Rådet vil på den eine sida legge samtykker til grunn for all seksuell omgang, og på den andre sida gjera samtykke til noko ein kan kjøpa, skriv kvinnegruppa i ei pressemelding.
Vidare skriv dei at Kvinnegruppa Ottar vil kjempa for å behalda sexkjøpsloven.
– Det er ikkje ein menneskerett å kjøpa sex, skriv dei.