Sjå stemmerunde nummer 12 i det amerikanske Representanthuset
![Sjå stemmerunde nummer 12 i det amerikanske Representanthuset](https://gfx.nrk.no/3IojdAB2o8RHhPrCEAUXOQ61hsnX76QEHch2x4o7g3OA.jpg)
Minoritetsleiar Kevin McCarthy i det Republikanske partiet har tapt 11 avstemmingar til leiarvervet, men har lova å halde fram med å prøve.
I dag, som også markerer to år sidan Kongressen blei storma, prøver McCarthy igjen å overtyde dei 20 radikale partifellane som ikkje har vilja stemme på han.
Sist medlemmene i Representanthuset trengde så mange stemmer for å kome fram til ein leiar, var før den amerikanske borgarkrigen.