Emilie Enger Mehl har kome til Sp si valvake
Justisminister Emilie Enger Mehl ankom akkurat Senterpartiet si valvake.
– Nå er det framleis mange stemmer som skal tellast, men dette er eit historisk godt val for Senterpartiet dersom dette blir resultatet, seier Mehl til NRK.
– Så har prognosane sprika og det har dei gjort gjennom heile valkampen, så me må smøra oss med tolmod litt til, legg ho til.
Stemninga har roa seg sidan den første prognosen blei presentert klokka 21 på 9,7 prosent. Sidan har talet berre gått nedover.