Støre oppfordrar Israel til å frigje skatteinntekter
Ifølgje Reuters har Jonas Gahr Støre (Ap) bedd Israel om å frigje skatteinntektene til dei palestinske sjølvstyremyndigheitene.
Han ville ikkje oppgje kor mykje pengar det er snakk om, men sa at det var ein betydeleg sum, og at å halda pengane tilbake er ein «direkte trussel mot velferda og helsa til den palestinske befolkninga.»
Tidlegare i november sa Israel at dei skulle overføra skatteinntektene, men at dei ikkje skulle overføra pengane som er øyremerka Gaza. Desse pengane går vanlegvis til for eksempel straumutgifter og medisin, og lønn til tusenar av offentleg tilsette på Gaza.
Sjølvstyremyndigheitene avviste tilbodet til Israel om ei delvis overføring av skatteinntektene.
– Noreg har vore tydeleg på at kvart steg i retning av å motverka den palestinske sjølvstyremyndigheita berre vil tena dei ekstremistiske kreftene på den palestinske sida, seier Støre.