Brann i rekkehus på Frekhaug – evakuerer heile rekka
Det pågår evakuering frå store delar av området kring rekkehuset som står i brann på Frekhaug utanfor Bergen.
Politiet seier til NRK at dei ikkje har fått melding om at nokon er sakna.
– Det me veit er at det er full fyr i eit rekkehus. Det er tre hus i rekka. Alle er laga av tre, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen til NRK.
Ein bebuar som var i huset då brannen starta varsla om brannen og er evakuert.
Eigaren av huset er orientert, vedkomande var ikkje i bustaden, opplyser Knappen.
Spreiingsfaren er ekstra stor sidan også andre bustadar i området ligg tett på.
På X melder politiet at det er full overtenning og mykje tjukk røyk i området. 110 Vest melder på X at det er sendt ut store ressursar frå to ulike brannstasjonar.