Jehovas vitne aukar gåveinntektene
Jehovas vitne fekk i fjor 118 millionar kroner i gåveinntekter i Noreg. Trussamfunnet gjekk med 5,9 millionar kroner i overskot.
Jehovas vitne auka gåveinntektene i Noreg med 20 millionar kroner i 2023, til totalt 118 millionar. Det gjer at trussamfunnet går med 5,9 millionar kroner i overskot, viser årsrekneskapen til trussamfunnet, som er regnet frå september 2022 til august 2023, skriv Vårt Land.
Trussamfunnet har ikkje motteke offentleg tilskot for medlemmene sine sidan 2021 fordi staten meiner Jehovas vitnes eksklusjonspraksis er i strid med trussamfunnslova.
Jehovas vitne har svart med å saksøkje staten.
Måndag startar rettssaka i Oslo tingrett der det skal avgjerast om trussamfunnet skal få offentleg støtte, og om dei igjen får bli registrerte som trussamfunn i Noreg.
Tilskotet for Jehovas vitnes 12.686 medlemmer i 2021 utgjorde om lag 16 millionar kroner.
Når rettssaka startar, vil dei krevje at staten etterbetaler 51 millionar kroner for dei tre åra, med renter. (NTB/NPK)