Svensk Nato-medlemskap sett på vent i Ungarn
Den ungarske nasjonalforsamlinga måtte droppe avstemming om Sveriges Nato-søknad måndag.
Grunnen var at regjeringspartiet Fidesz, som har reint fleirtal, ikkje møtte opp til møtet, som opposisjonen hadde kalla inn til.
Partiet har blokkert den svenske søknaden sidan juli 2022. Dei har blant anna skulda Sverige for å fare med løgn om tilstanden til det ungarske demokratiet.
Ungarn er einaste land i Nato som enno ikkje har godkjent den svenske søknaden.