Borell: Fleire EU-land vil godkjenne Palestina i mai
Utanrikssjefen i EU, Josep Borell, seier fleire medlemsland kjem til å godkjenne Palestina som eigen stat innan slutten av mai, melder Reuters.
Utsegna kom i samband med eit møte i regi av Verdas økonomiske forum i Riyadh i Saudi-Arabia.
Også utanriksminister Espen Barth Eide er til stades på møtet.
– Vi må snakke om kva som må skje på palestinsk side for å førebu ein palestinsk stat, og korleis styrke dei palestinske sjølvstyresmaktene slik at dei også kan styre i Gaza etter ei våpenkvile, sa Eide søndag, melder NTB.