Air India: Døde henta ut frå bygning etter flystyrt
Minst 30 døde personar har blitt henta ut frå ein bygning i området der flyet styrta i Ahmedabad, ifølge redningspersonell.
Fleire personar skal vere innestengd i bygningen.
Det melder nyheitsbyrået Reuters.
India sin statsminister Narendra Modi seier at flystyrten er «hjarteskjerande utan ord».