Dollaren under 10 kroner
Dollaren kosta så vidt under 10 kroner torsdag føremiddag. For å vere pinleg nøyaktig kosta den kring 9,9997 kroner nokre sekund klokka 11.24, ifølgje tal frå Infront.
Den held fram å vake svakt over 10-talet. Den norske krona har ikkje vore så sterk mot dollaren sidan juli 2023.
Den amerikanske valutaen har svekka seg mot krona og fleire andre valutaer i år.
President Donald Trump sin handelskrig, og den stadig høge gjelda til USA, har gjort investorane utrygge, og bidrege til svekkinga av valutaen.