Buss i fjellveggen i Stryn
Ein turistbuss har køyrd i fjellveggen i Oppljostunnelen i Stryn. Det skal vere 40-50 amerikanske turistar ombord. Det er ikkje meldt om personskade.
– Fleire vindauge har knust som følgje av samanstøyten, og det er meldt om glass i vegbana, opplyser operasjonsleiar Ingrid Teigland Tepstad i Vest politidistrikt.
Bussen har kome seg ut av tunnelen og trafikken går greitt forbi skadestaden. Politi og entreprenør er på veg. Ambulanse og brannvesen har ikkje sendt ressursar.