Ein seglbåt har gått på grunn og har byrja å brenne ved Eidsvågneset i Bergen. Det var to personar om bord i båten, som har pusta inn noko røyk. Desse er ombord i politibåten og vil bli sett til av helsepersonell. Redningsskøyta handterer seglbåten, opplyser politiet.