Vogntog har velta på E136 – Raumabanen er stengt
Eit vogntog har køyrt av vegen og velta på sida på E136 mellom Marstein og Verma i Rauma.
Køyretøyet ligg heilt inntil jernbanelina, og Raumabanen er stengd inntil vidare. Det er førebels mogleg å passere med bil forbi ulykkesstaden på E136.
Det er ikkje meldt om alvorleg personskade, opplyser politiet.
Føraren blir frakta til legevakta, og tungbilbergar er på veg til staden.
– Det blir buss for tog frå Åndalsnes i ettermiddag og frå Dombås i kveld, seier Henrik Forseth hos SJ Norge til Sunnmørsposten.
Personell frå Bane Nor er på staden for å undersøke om det er skade på traseen.