21 tyskarar tåkefaste på fjell
Eit tysk turfølge på 21 personar er tåkefaste ved Moslifjellet i Strand, melder politiet.
Turfølget tok først kontakt med politiet like før klokka 13 og meldte om tjukk tåke. Det blei avtalt at gruppa skulle sjå om tåka letta.
Klokka 15.30 var politiet igjen i kontakt med turfølget. Tåka hadde ikkje letta, men vinden var i ferd med å ta seg opp.
Politiet har difor varsla Norsk Folkehjelp som skal hjelpe turfølget ned frå fjellet.