Det har vore ei frontulykke på E39 ved Bekkjavatnet i Sunnfjord kommune mellom ein personbil og ein varebil. Politiet melde om ulykka klokka 10.38. Fire personar er involverte. Ingen skal vere fastklemde, opplyser politiet. Eit køyrefelt er ope, det er manuell dirigering på staden.