Mor og to born omkomne i brann i England
Ei mor og hennar to born på fire og sju år omkom i ein brann i Gloucestershire sørvest i England andre juledag, melder Sky News.
Dei tre omkomne blei frakta til sjukehus andre juledag, men liva stod ikkje til å redde. Faren overlevde brannen, og får behandling på sjukehus.
Britiske myndigheiter omtalar brannen som «ei tragisk ulukke». Det er ikkje mistanke om noko kriminelt.