Tatiana Schlossberg er død
Klimajournalist Tatiana Schlossberg, barnebarn av USA sin tidlegare president John F. Kennedy, har døydd av kreft berre 35 år gamal, melder AP.
– Ho vil alltid vere i hjarta våre, skriv familien i eit innlegg på John F. Kennedy Presidential Library and Museum sin Instagram-konto.
Schlossberg delte opent om kreftdiagnosen. For om lag ein månad sidan blei det kjent at Schlossberg hadde mindre enn eitt år igjen å leve.
35-åringen gjekk bort tysdag morgon. Ho etterlet seg to barn og ektemannen George Moran.