Mindreårige skal ha skote fyrverkeri mot andre i Bergen
– Det skal ha vore ei gruppe mindreårige gutar som har skote fyrverkeri mot eller mellom andre personar, skriv operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.
Det skal ha skjedd ved Framohallen i Fyllingsdalen.
– Det er nokon som har kome heim og fortalt foreldra om hendinga, og det dei opplevde som at nokon skaut fyrverkeriet mot dei, seier RebnordIngen er skadde etter hendinga.
– Me sjekkar om det er nokon som har fyrverkeri som burde vore brukt opp i går, men enn så lenge har me ikkje funne nokon.