Mann angreip tilfeldige kvinner
Ein mann gjekk til angrep på fire tilfeldige kvinner i Øvstunvegen i Bergen i ettermiddag.
Ei av kvinnene vart brakt til sjukehus, men skal ikkje vere alvorleg skada, melder politiet.
Mannen er ein kjenning av politiet og er lagt inn på ein psykiatrisk institusjon.
Han skal ha sparket, slått og tatt kvelartak, og forsøkt å dra ei av kvinnene ut av ein bil.