USA: Demonstrasjonar etter ICE-drap
I USA har det vore demonstrasjonar fleire stader i natt, etter at ei kvinne i går blei skoten og drepen av byrået ICE. Det føderale byrået handhevar USA sine immigrasjonslover, og har stort nærvær i Minneapolis i delstaten Minnesota
Ein dramatisk video viser korleis ei 37 år gamal kvinne forsøker å køyre vekk frå agentane, då ho blir skoten og drepen. Fleire amerikanske medium melder at ho var amerikansk statsborgar.
Ifylgje innanriksdepartementet handla agentane i sjølvforsvar