Oljeproduksjonen i 2025 var den høgaste sidan 2009
Fjoråret var det nest beste leiteåret på ti år, berre overgått av 2021.
Det kjem frå i rapporten «Sokkelåret 2025», som er ei oppsummering av aktiviteten på norsk sokkel i året som gjekk.
Rapporten peiker mellom anna på at det er gjort fleire funn, og nokre av stor betyding.
– Det viktigaste er at 2025 var eit år med høg produksjon. Det var viktig for energitryggleiken i Europa, seier Torgeir Stordal, direktør i Sokkeldirektoratet.
Både produksjonen og investeringar låg på eit høgt nivå i året som var.
Oljeproduksjonen i 2025 er den høgaste sidan 2009. I fjor blei det henta 106 millionar standard kubikkmeter olje. Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen for rundt 30 prosent av dette.
Det blei også seld om lag 120 milliardar standard kubikkmeter gass. Det er ein liten nedgang frå rekordåret i 2024.
For 2026 forventar Sokkeldirektoratet investeringar for 256 milliardar kroner.
Direktoratet peiker likevel på at investeringar i norsk oljeindustri vil avta fram mot 2030, og ventar nedgang i produksjonen i åra framover uavhengig om det kjem større investeringar.