Éin pågripen etter grove tjuveri i Førde
Laurdag kveld blei ein mann pågripen i Bergen. Vakthavande politijurist i vest politidistrikt opplyser av mannen skal inn til avhøyr i løpet av dagen, søndag.
Etter førre helg meldte Firda om to grove tjuveri i Førde.
I det første innbrotet skal det ha blitt stole nokre gitarar og utstyr til dei. Innbrotet skjedde i eit musikkstudio på Hornnes.
Ved eit byggeområde på Skudeløken blei det stole ein del verktøy frå ein container.
I det første innbrotet skal det ha blitt stole nokre gitarar og utstyr til dei. Innbrotet skjedde i eit musikkstudio på Hornnes natt til søndag.
Ved eit byggeområde på Skudeløken blei det stole ein del verktøy frå ein container. Det andre innbrotet skjedde natt til måndag.
Firda skriv at tjuveria blir sett på som grove grunna verdiane som er stolne og at det er innbrot i ein bustad i det eine tilfellet.